BKLF

Innhold

Trude Beate Brendehaug

Trude Beate Brendehaug (29) er utøver på bakerlandslaget 2020. Hun jobber til daglig i egen bedrift, Kveitemjøl AS.

CV - Trude Beate Brendehaug

Alder: 29 år

Bosted: Oslo

Deltaker på landslaget siden: 2016

Utdanning/svennebrev: Konditor og baker

Nåværende arbeidsgiver: Kveitemjøl AS (eier)

– Hvor i landet kommer du i fra?

– Eg kjem frå ei lita bygd ved navn Hellevik i Sunnfjord i Sogn og Fjordane.

– Hvor tok du svennebrevene dine?

– Eg tok mitt første svennebrev som konditor ved Baker Brun Produksjon AS i Bergen, og svennebrevet som bakar tok eg året etter ved Godt Brød Grünerløkka her i Oslo.

– Hvorfor valgte du å bli baker og konditor?

– Eg har så lenge eg kan hugse vore interessert i og fascinert av konditoryrket og visste tidleg at det var dette eg skulle bli. – Eg har alltid likt å jobbe med, og ikkje minst «skape», med hendene. Dermed vart det òg naturleg for meg å bli bakar. Bakar- og konditoryrket utfyller kvarandre og kombinasjonen av dei begge gir meg stor variasjon og utfordring samt breiare fagleg kompetanse. – Gjennom Bakarlandslaget får eg ei unik moglegheit til å aktivt jobbe meg begge fag, eit ønske eg har hatt lenge.

– Hva var det som gjorde at du ville bli med på landslaget?

– Eg har alltid hatt ærefrykt for deltakarane på Landslaget og jobben dei gjer. Eg er lidenskapleg opptatt av faga mine og ønska å bli med på landslaget for å utvikle meg vidare, bli fagleg sterkare, utfordre meg sjølv og rett og slett lære av dei aller beste. 

– Hvordan ble du rekruttert?

– Eg vart spurt! Og etter eitpar samtalar var eg ein del av Bakarlandslaget. – Utruleg gjevt å få den moglegheita! 

– Hvor har du hatt ditt beste cafe eller konditori-besøk?

– Eit besøk hos Pascal står alltid til forventningane. 

– Har bakeryrket levd opp til forventningene dine?

– Absolutt, over all forventning. Eg har lært mykje meir enn først forventa, og gjennom Bakarlandslaget kjem eg til å lære utruleg mykje meir! Bakarfaget er eit høgst spennande og fantastisk yrke.

– Hvilke fagområder ønsker du å bli bedre på?

– Eg ynskjer å bli betre på alle fagområder om mogleg, ein blir aldri utlært!

– Har du en faglig prestasjon du er stolt av?

– Eg er stolt over å ha mottatt svenneprøvemedalje for min faglege prestasjon på bakarsvenneprøven min i 2013.